Vest-Telemark Museum. Til forsida



Startsida
Tilbod for born
Skuleprosjekt
Opplevings- tilbod
Tilbod for grupper
Ein levande smakebit
Prosjekter
Pilegrimen
Boksal
Relevante linkar
Musea
 

Ta deg ein digital rundtur i Eidsborg

Velkomen til Morgedal og Norsk skieventyr!
Welcome to The Norwegian Ski Adventure!


Jazz-elskarar blir lokka til New Orleans. Elvis-fans valfartar til Memphis. Skientusiastar reiser til fjellbygda Morgedal. Felles for dei alle er jakta etter det opprinnelege. Den norske folkesjela er nært knytta til ski og snø. I 4000 år har nordmenn teke seg fram i snøen med ei eller anna form for ski under føtene. At den moderne skisporten fekk si utforming av morgedølen Sondre Norheim på 1800-talet, veit dei fleste. Men kven var han eigentleg, denne ski-originalen Sondre? Korleis var husmannsplassen han kom ifrå? Terrenget der han boltra seg på ski? Og korleis kunne ein slik fattig heimføding utvikle ei ski som skulle bli modell for alle seinare skitypar over heile verda?
Kva for ein kar var morgedølen Olav Bjaaland, ein av dei store heltane frå "Framekspedisjonen"? I sitt daglege virke var han bonde, skimakar og skihoppar. Med dette som "grunntrening", erobrer han sydpolen med Roald Amundsen i 1910-11? Ei reise til Morgedal gir deg svara. Her trer du rett inn i ski og polarhistoria, og kan knyte trådene frå pionèrtida fram til våre dagar.


God jol ifrå alle på Norsk Skieventyr
Det nærmar seg jol og innspurten på Innsvingen Kafe er i gang. Sundag 21.desember blir steinomnen fyra opp for siste gong i år og jolebaksten for 2008 vert avslutta. Ynskjer du brød eller jolekake kan det vera lurt å bestille på førehand.
Les meir

Stor aktivitet på joleverkstaden
Mykje folk og stor aktivitet når Morgedal Bygdekvinnelag og Måltrosten 4H hadde joleverkstad laurdag 13. desember. Det vart laga til mange flotte kransar og inntektene av salet gjeng til ein familie i Pasvalis.
Innsvingen Kafe hadde fyra opp steinomnen og mange nytta høve til å ta med seg jolebakst heim.


Det nærmar seg jol.
Ifrå sundag 30.november og kvar sundag framover kan ein ete jolemat på Innsvingen Kafe. På menyen sundagane framover blir det joletallerken med kjøtkake, pylse og ribbe eller ein kan bestille pinnekjøt.
Ifrå sundag 7. desember har Tone klar kjempegod lutefisk på menyen.
Laurdag 12. desember blir det joleverkstad og bl.a. blir det mogleg å få kjøpt kaker til jol.


Onsdagkvelden 26.11.08 vart Rannei Aamundsdotter, gift med Sondre Norhein i 1854, heidra.
Les meir

Onsdag 26. november er Norsk Skieventyr 15 år og det vil me markere denne dagen. Gratis kaffe og kake til alle som kjem innom, samt opent program for alle ynskjer på kvelden.
Les meir

Laurdag 15.november blir det servera tradisjonell russisk mat på Innsvingen Kafe.
Les meir

Frå venstre: Mathias, Ragnhild, Kristian, Olav og Ivar
Tysdag 14.10. var aspirantar i frå Måltrosten 4H på besøk for å lage til skismurning etter gamle oppskrifter.
Les meir

Glimt ifrå messeområdet
Morgedal og Norsk Skieventyr var invitert til Norsk Høstfest. Saman med Skien som er venskapsby til Minot hadde me ein flott stand inne på messeområdet. Med nær 100 000 besøkande på Norsk Høstfest var det mykje folk innom standen vår.
Les meir

luft