Vest-Telemark Museum. Til forsida



Startsida
Tilbod for born
Skuleprosjekt
Opplevings- tilbod
Tilbod for grupper
Ein levande smakebit
Prosjekter
Pilegrimen
Boksal
Relevante linkar
Musea
 

Ta deg ein digital rundtur i Eidsborg

Velkomen til Morgedal og Norsk skieventyr!
Welcome to The Norwegian Ski Adventure!


Jazz-elskarar blir lokka til New Orleans. Elvis-fans valfartar til Memphis. Skientusiastar reiser til fjellbygda Morgedal. Felles for dei alle er jakta etter det opprinnelege. Den norske folkesjela er nært knytta til ski og snø. I 4000 år har nordmenn teke seg fram i snøen med ei eller anna form for ski under føtene. At den moderne skisporten fekk si utforming av morgedølen Sondre Norheim på 1800-talet, veit dei fleste. Men kven var han eigentleg, denne ski-originalen Sondre? Korleis var husmannsplassen han kom ifrå? Terrenget der han boltra seg på ski? Og korleis kunne ein slik fattig heimføding utvikle ei ski som skulle bli modell for alle seinare skitypar over heile verda?
Kva for ein kar var morgedølen Olav Bjaaland, ein av dei store heltane frå "Framekspedisjonen"? I sitt daglege virke var han bonde, skimakar og skihoppar. Med dette som "grunntrening", erobrer han sydpolen med Roald Amundsen i 1910-11? Ei reise til Morgedal gir deg svara. Her trer du rett inn i ski og polarhistoria, og kan knyte trådene frå pionèrtida fram til våre dagar.


Onsdag 26. november er Norsk Skieventyr 15 år og det vil me markere denne dagen. Gratis kaffe og kake til alle som kjem innom, samt opent program for alle ynskjer på kvelden.
Les meir

Laurdag 15.november blir det servera tradisjonell russisk mat på Innsvingen Kafe.
Les meir

I frå 1. februar 2009 skal vår museumsmedarbeidar ha eit års permisjon og me søkjer etter ein person som kan erstatte henne i denne perioden.
Les meir

Frå venstre: Mathias, Ragnhild, Kristian, Olav og Ivar
Tysdag 14.10. var aspirantar i frå Måltrosten 4H på besøk for å lage til skismurning etter gamle oppskrifter.
Les meir

Glimt ifrå messeområdet
Morgedal og Norsk Skieventyr var invitert til Norsk Høstfest. Saman med Skien som er venskapsby til Minot hadde me ein flott stand inne på messeområdet. Med nær 100 000 besøkande på Norsk Høstfest var det mykje folk innom standen vår.
Les meir

Minneplate Rannei Aamundsdotter
Tysdag 30. september ute på prærien i Nord Dakota ved Norwegian Luthern Church, Denbigh, Minot var det ein seremoni for Rannei Aamundsdotter, gift med Sondre Norheim 15. januar 1854. På gravstaden til Sondre Norheim har Telelaget of America lagt ned ein stein med ei minneplate over Rannei sitt liv. Dette vart markera denne flotte haustdagen og fleire inviterte gjester deltok i denne seremonien.
Les meir

Tida for å planlegge årets jolebord nærmar seg. Kvifor ikkje prøve Norsk Skieventyr og Innsvingen Kafe sitt tilbod i år.
Les meir

Tysdag 16. september ifrå kl. 14.00 vert det bygdekafe og aktivitetsdag på Innsvingen Kafe
Les meir

Norsk Skieventyr som idrettsarena
Plenen utanfor Norsk Skieventyr var omgjort til start og målområde når Morgedal Multisport vart arrangera 23.august.
www.morgedal.com

Ski ifrå Bjørn Ullevålsæter og Blåskia
Ifrå familien Martinsen fekk Norsk Skieventyr limte treski ifrå 1938 laga av Bjørn Ullevålsæter, Nittedal. Bjørn Ullevålseter var ein føregangsmann innan skimaking og utvikla tidleg metodar for limte treski.
Les meir

Tjomsland ski ferdige til salg
Norsk Skieventyr i samarbeid med Norsk Håndverksutvikling ser om det er mogleg å restaurere Tjomsland skifabrikk. Denne skifabrikken ligg på Lindesnes og var truleg landets sørlegaste skifabrikk.
Les meir

Laurdag 23.08. arrangerast Morgedal Multisport. Dette er ein konkurranse der allsidighet er viktig, øvelsane er kajakk, sykkel og løping.
Les meir

Mange flotte bilar
Det 16. Norwegian Sportscar Rally vert arrangert 12. - 15. juni. Fredag 13. juni var det stopp på Norsk Skieventyr før turen gjekk vidare over fjellet til Ullensvang Hotell.
Les meir

luft