|
Velkomen til Morgedal og Norsk skieventyr!
Welcome to The Norwegian Ski Adventure!
|
Jazz-elskarar blir lokka til New Orleans. Elvis-fans valfartar til Memphis. Skientusiastar reiser til fjellbygda Morgedal. Felles for dei alle er jakta etter det opprinnelege. Den norske folkesjela er nært knytta til ski og snø. I 4000 år har nordmenn teke seg fram i snøen med ei eller anna form for ski under føtene. At den moderne skisporten fekk si utforming av morgedølen Sondre Norheim på 1800-talet, veit dei fleste. Men kven var han eigentleg, denne ski-originalen Sondre? Korleis var husmannsplassen han kom ifrå? Terrenget der han boltra seg på ski? Og korleis kunne ein slik fattig heimføding utvikle ei ski som skulle bli modell for alle seinare skitypar over heile verda?
Kva for ein kar var morgedølen Olav Bjaaland, ein av dei store heltane frå "Framekspedisjonen"? I sitt daglege virke var han bonde, skimakar og skihoppar. Med dette som "grunntrening", erobrer han sydpolen med Roald Amundsen i 1910-11? Ei reise til Morgedal gir deg svara. Her trer du rett inn i ski og polarhistoria, og kan knyte trådene frå pionèrtida fram til våre dagar.
|
Tida for å planlegge årets jolebord nærmar seg. Kvifor ikkje prøve Norsk Skieventyr og Innsvingen Kafe sitt tilbod i år.
Les meir
|
Tysdag 16. september ifrå kl. 14.00 vert det bygdekafe og aktivitetsdag på Innsvingen Kafe
Les meir
|
|
|
Norsk Skieventyr som idrettsarena
|
Plenen utanfor Norsk Skieventyr var omgjort til start og målområde når Morgedal Multisport vart arrangera 23.august.
www.morgedal.com
|
|
|
Ski ifrå Bjørn Ullevålsæter og Blåskia
|
Ifrå familien Martinsen fekk Norsk Skieventyr limte treski ifrå 1938 laga av Bjørn Ullevålsæter, Nittedal. Bjørn Ullevålseter var ein føregangsmann innan skimaking og utvikla tidleg metodar for limte treski.
Les meir
|
|
|
Tjomsland ski ferdige til salg
|
Norsk Skieventyr i samarbeid med Norsk Håndverksutvikling ser om det er mogleg å restaurere Tjomsland skifabrikk. Denne skifabrikken ligg på Lindesnes og var truleg landets sørlegaste skifabrikk.
Les meir
|
Laurdag 23.08. arrangerast Morgedal Multisport. Dette er ein konkurranse der allsidighet er viktig, øvelsane er kajakk, sykkel og løping.
Les meir
|
|
|
Mange flotte bilar
|
Det 16. Norwegian Sportscar Rally vert arrangert 12. - 15. juni. Fredag 13. juni var det stopp på Norsk Skieventyr før turen gjekk vidare over fjellet til Ullensvang Hotell.
Les meir
|
|
|
Innsvingen Kafe er kjent for sin nydeleg omnsbakte aure
|
Noregs Bygdekvinnelag skal saman med Landbruks og matdepartementet vera med å kåre årets serveringstad.
Les meir
|
Den musikalske kabareten Sondre Skiløypar samla ca 130 stk betalande og gjester på Øverbø i Morgedal 7.juni.
Les meir
|
Bilete viser komponist Gisle Krogseth og songar Ingeborg Fangell Mo. Ingeborg skal spele Rannei, kona til Sondre og her øver dei på Ranneis vise.
Les meir
|
Les meir
|
Mangfoldsåret vert markera over heile landet. På www.kultureltmangfold.no finn dykk meir informasjon om desse arrangementa.
På Norsk Skieventyr vil me og markere dette og vårt fyrste arrangement er fredag 25.04.08
Les meir
|
I snart 3 år har Norsk Skieventyr, Telemarkforsking og Norsk Håndverksutvikling hatt eit samarbeid om skimaking. Målsetninga er å ta vare på den skimakartradisjonen som er og har vore i Morgedal.
Les meir
|